Fysioterapeut 100 % stilling
Frå 1. februar og til 31.desember 2023 har vi ledig 100% stilling som fysioterapeut i Hemsedal kommune.
Fysioterapitenesta inngår i helse- og omsorgsetaten i Hemsedal kommune. Vi har p.t. 3,7 årsverk som fysioterapeut, og 1 årsverk som ergoterapeut, i tillegg er det 150 % driftstilskot tilknytta tenesta. Helse og omsorgstenestene er i utvikling, og er i endring både organisatorisk og tverrfagleg. Vi har mykje sektorovergripande samarbeid både kommunalt, interkommunalt og med spesialisthelsetenesta. Vi har eit godt fagmiljø i etaten med varierte arbeidsoppgåver og eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
Kvalifikasjonar:
Vi søkjer etter en fysioterapeut med offentleg godkjent autorisasjon og gjerne med erfaring frå kommunehelsetenesta. Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring innan fagfelta; generell rehabilitering, muskel og skjelett, geriatri, ortopedi, nevrologi og barn og unge.
Det blir lagt vekt på faglege kvalifikasjonar og praksis i høve til arbeidsoppgåvene. I tillegg blir det lagt stor lagt vekt på interesse og personlege eigenskapar. Søkjaren må ha sertifikat og god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Vi ønskjer oss ein kollega som:
Krav til dokumentasjon:
Det er ved tilsetjing krav om politiattest jf. helse- og omsorgstjenesteloven. De som ansettes i stillinger innen helse og omsorg kan bli pålagt å ta MRSA og tuberkulose prøve.
Det er krav om dokumentasjon og vitnemål fra tidligere arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode og fastsetting av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.
Generell informasjon:
Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.
Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
Engasjement
Heltid
31.01.2023
1.2.2023
Fysio- og ergoterapien
Hemsedalsvegen 2889 3560 Hemsedal