Hemsedal kommune Helse og omsorg

Her er det mogeleg å vise interesse og registrere CV

Ynskjer du å jobbe som sjukepleiar i Hemsedal kommune?

Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen. Kommunen er i stadig vekst og har ei spennande reiselivsnæring, eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfoldig kulturliv. Du finn meir informasjon om oss på vår heimeside. 

Helse og omsorgsetaten er samansett av fleire avdelingar som samla gir kommunens innbyggjarar eit heilheitleg tilbod av helsetenester. Helse og omsorg har mellom anna stillingar ved heimetenesta og institusjon, Bråtenjordet omsorgsbustader, Familiens hus, Helsehuset, legekontoret og i koordinerande eining. 

På vår ynskjeliste er tilsette som:
- er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
- møter brukar og pårørande på ein open og respektfull måte
- har gode samarbeidsevner og evne til å ta ansvar
- er fleksibel og sjølvstendig
- medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt

Vi kan tilby:
- moglegheit for kompetanseheving og tilrettelegging av relevante studiar
- flexiturnus
- høg fagkompetanse
- tilstrekkeleg opplæring

Krav til kompetanse:
- Vi søkjer etter off. godkjent sjukepleiar
- Søkjaren må ha førarkort
- Søkjaren må kunne beherske norsk både skriftleg og munnleg
- Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje stilling hjå oss

Det blir lagt vekt på relevant utdanning og praksis i høve til arbeidsoppgåvene. I tillegg blir det lagt vekt på personlege eigenskapar, mellom anna evne til å arbeide sjølvstendig og gjennomføringsevne.

Ledige stillingar lysast ut med eigen annonse og det må søkjast elektronisk i kvart enkelt tilfelle.

Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn.

Dersom du registrerer din CV og søkjer på denne "utlysninga", vil etats- og avdelingsleiarane i Hemsedal kommune ha tilgang til opplysningane som blir lagt inn. Du må like vel fylgje med på våre utlysningar og søkje spesifikt på ledige stillingar av interesse. 

Regionalt samarbeid:
Hallingdal består av Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål kommune. Vi har eit godt samarbeid og avstanden gjer det mogeleg å bu i ei kommune og jobbe i ei annen kommune. På vår heimeside finn du link til mellom anna ledige stillingar for den enkelte kommune. Våre stillingar blir også lagt ut på www.nav.no. Der finst også stillingar som ikkje er kommunale.

Kontaktpersonar:
Line Strandberg, Avdelingsleiar Heimebaserte tenester, mobil: 91666853, line.strandberg@hemsedal.kommune.no
Inger Lill Solberg, Helse- og omsorgsleiar, mobil: 90891370, inger.lill.solberg@hemsedal.kommune.no  

Del på:

Fylke:

  • Viken

Søknadsfrist:

31.12.2022

Tiltredelse:

Etter avtale

Adresse:

Hemsedalsvegen 2889 3560 Hemsedal